OPE ATELIER

MÅL

Å gje gjestane eit triveleg pusterom og kreativt påfyll. Her kan du som gjest sjå kunst & handverk og ha moglegheit for ein hyggeleg handel.

FOR KVEN

Alle.

PRIS

Gratis.

PÅMELDING

  • post@utavhuse.no eller ring Åse på telefonnummer 482 48 623.
  • På grunn av varierande smittevernsreglar i forhold til covid-19 det siste året har eg ikkje ope kvar laurdag som planlagt. For å unngå å få gjestar frå mange ulike kommunar samstundes, ynskjer eg å ta i mot ein person eller ein kohort i gongen. På denne måten vert det enklare å ivareta gjeldande smittevernsreglar og det vert tryggare for oss alle. Ta kontakt og vi finn eit tidspunkt som passar for oss begge.

AVBESTILLING

  • Ver venleg å gje beskjed dersom du vert forhindra til å komme til avtalt tidspunkt.