Kunst
Behovet for å uttrykke meg gjennom form og farge har eg hatt heile livet. Under oppveksten på Harøy var eg heldig å ha mange rundt meg som var flinke til å skape ting med hendene. Dei delte villig kunnskapen om korleis man kunne lage ting sjølv og eg lærte alt frå å sy og snekre til å lage torskegarn og forme i leire. Interessa for kunst, design og handverk vart skapt og har vore inspirasjon for vidare læring og utvikling i kreative fag i alle år sidan.
I vaksen alder har eg etablert meg i Nordfjord og har eige atelier gamleløa på garden i Heggjabygda. Å få tid og rom til skapande arbeid vart produktivt og det har resultert i mange utstillingar i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane dei siste åra.
Som kunstnar arbeidar eg mest med akrylmåleri, trykk og mixed media, og eg blandar gjerne ulike teknikkar på min eigen måte. Arbeidsmetoden har gått frå tradisjonelle teknikkar til meir leikande og intuitiv utfalding, og eg har funne mine uttrykk ved å kombinere desse.
Inspirasjonen til mitt kreative arbeid får eg svært ofte i møte med naturen og uttrykka mine er fargerike, kontrastfulle og som regel svært abstraherte. Komposisjonane er ofte enkle for å få eit harmonisk uttrykk. Likevel har mange av bilda både ein skjult og tvetydig bodskap for å utfordre betraktaren til å tolke bildet på sin eigen måte.
Ta kontakt for informasjon og/eller bestilling av kurs:
post@utavhuse.no
Tlf: +47 482 486 23
Ope atelier
Gratis
Hjartleg velkomne inn i min kreative verkstad – ein fargerik oase med fantastisk utsikt til natur og bygd. I atelieret kan du sjå kunst & handverk som er utstilt og dersom eg har eit prosjekt på gang, kan du få sjå kva kunstnaren arbeider med. Her er det kunsttrykk, måleri, mixed media, digital grafisk kunst, tredesign, strikk, keramikk og redesign både til inspirasjon og for sal. Du er hjartleg velkomen til å gjere ein handel, anten det er ei gåve til ein ven eller deg sjølv!
- Sesong: Heile året.
- Alder: Alle.
- Antal: Min. 1 max 16.
- Stad: Heggjabygda, Nordfjordeid.
- Tid: Tidspunkt etter avtale.
1,5-2 timar – Kreativitet for alle
Pris kr 390,-/490,- pp
Har du små og større barn med skapartrang og har dere ynskje om å gjere noko kreativt saman som familie? Med kyndig rettleiing undervegs kan alle greie å skape noko. Verkstaden er full av materialer som gjev moglegheit for kreativ utfalding for store og små, og gjerne saman uavhengig av alder. Her kan ein dekorere si eiga turfjøl eller måle dekorative figurar og ikkje minst – glede av å ha laga noko sjølv!
- Sesong: Heile året.
- Alder: Frå 3 år.
- Antal: Min. 3 max 12 deltakarar.
- Stad: Heggjabygda, Nordfjordeid.
- Tid: Tidspunkt etter avtale.
- Vanskegrad: Enkel.
1,5-2 TIMAR – VELKOMNE TIL GARDS
– formidling av kunst, kultur og handverkstradisjonar
Pris kr 390,-/490,- pp
I «Bakkjen» i Frislida har det vore gardsdrift i over 450 år og garden er i dag moderne og framtidsretta med ny lausdriftsfjøs og mjølkerobot. Her har det vore rikt med naturressursar som folket har nytta seg av på mange ulike måtar. Både bygningar og handverk viser spor etter levd liv i samspel med naturen. Bruk av nedbrytbare naturmaterialer og utan overforbruk var levemåten meir bærekraftig og miljøvenleg enn korleis vi lever i dag. Noko som er både til ettertanke og kanskje litt å lære av?
Vi ynskjer å ta vare på både dei gamle driftsbygningane og handverkstradisjonar ved å utvikle nye bruksområder. Gamlelada er no atelier med plass til kreativ utfalding og utstilling. I eldhuset byr vi på sosiale samankomstar formidling av dei ulike handverka som vart laga her. Det lisje grindbygget vart brukt til både smiing, plantefarging og bakst.
Velkomne til ein smakebit av dagleglivet på garden før og no, og dei som ynskjer det kan bli med i fjøsen og helse på dyra.
- Sesong: Heile året.
- Alder: Frå 7 år.
- Antal: Min. 3 max 12 deltakarar.
- Stad: Heggjabygda, Nordfjordeid.
- Tid: Tidspunkt etter avtale.
- Vanskegrad: Enkel.
3 TIMAR – SKAPARGLEDE
Pris kr 630,-/790,- pp
Å skape er kjekt uansett alder og det er triveleg med kreativt arbeid saman med andre. Verkstaden er full av materialer og her er dåkke velkomne til å lære måleteknikkar eller å vere kreativ med form, fargar og naturmaterialer. Alle får utvikle sine kreative ferdigheiter med kyndig rettleiing undervegs.
- Sesong: Heile året.
- Alder: Frå 5 år.
- Antal: Min. 3 max 12 deltakarar.
- Stad: Heggjabygda, Nordfjordeid.
- Tid: Tidspunkt etter avtale.
- Vanskegrad: Enkel-moderat.
10 TIMAR – KREATIV LEIK MED LEIRE,TEKSTUR OG NATURMATERIALER
Pris kr 1800,-/2250,- pp
Leire er eit fantastisk materiale som kan formast på uendeleg mange måtar og utfordrar både kreativiteten og skapartrangen. Med naturmaterialer og inspirasjon frå ein tur i skogen får deltakarane moglegheit til å leike seg med form, farge og tekstur slik at dei kan skape heilt eigne uttrykk.
Som deltakar vert du utfordra til å formidle ei historie med ditt produkt ved å setje saman ulike delar til ei uro. Det kan vere minner frå ei oppleving, noko ein er opptatt av eller noko konkret ein omgjev seg med i kvardagen. På denne måten vert ein utfordra til kreativ tenking og lærer korleis man utviklar nye produkt utan å kopiere andre. I tillegg får man meir verdi og eigarskap i det ein skapar.
- Sesong: Heile året.
- Alder: Frå 10 år.
- Antal: Min. 3 max 12 deltakarar.
- Stad: Heggjabygda, Nordfjordeid.
- Tid: Tidspunkt etter avtale.
- Vanskegrad: Enkel-moderat.
15 TIMAR – MÅLEKURS
– INTUITIV LEIK MED FORM, FARGE OG TEKSTUR
Pris kr 2790,-/3490,- pp
Har du vanskar med å komme i gang med skapande arbeid, lyst til å lære deg å måle eller eit ynskje om å lære deg å skape på nye måtar?
Dess eldre vi vert, dess mindre leikar vi. Fokuset vårt endrar seg frå å vere i prosess til å dreie seg om resultat; og vi mister noko på vegen. Under kurset vert deltakarane utfordra til å tørre å leike med form, farge og tekstur utan tanke for kva det skal bli! For deretter å oppdage det uendeleg store potensialet dette har til inspirasjon av eigne kreative uttrykk. Det kan resultere i abstrakte uttrykk eller spanande former som ein arbeider vidare med. Her får du sjå at sjølv om deltakarane startar med same oppgåve, endar det i svært ulike resultat.
- Sesong: Heile året.
- Alder: Frå 12 år.
- Antal: Min. 4 max 8 deltakarar.
- Stad: Heggjabygda, Nordfjordeid.
- Tid: 15 timar.
- Vanskegrad: Enkel-moderat.
UTSTILLINGAR
2008 Student utstilling. Høgskulen i Volda.
Visuell kommunikasjon; Illustrasjonar teikning/aquarelle og collage.
Arkitektur; modell av «Venteplass».
2009 Student utstilling. Høgskulen i Volda.
Arbeid i funksjonell design; tre, leire og tekstil.
2010 Artist book, Høgskulen i Volda.
2011 Keramikk, Høgskulen i Volda.
2012 «Undervegs» Bachelor utstilling; Film og maling på lerret og plater med intuitive
teknikkar og action painting. Volda Kunstlag.
2012 «Undervegs» Det gylne snitt, Nordfjordeid.2016 «Himmel og hav» Det kreative rom, Amfi Nordfjord.
2017 «Pusterom» i Det kreative rom, Amfi Nordfjord.
2018 «Meistring» i Galleri Innsikt, Isfjorden. Hovudutstillar under Fjellfestivalen.
2018 «Sommar utstilling» Det kreative rom, Amfi Nordfjord.
2018 Kunst- og handverksmessa på Vatne, Møre og Romsdal.
2018 Kunst- og handverksmesse på Finnøy og Ona Havstuer, Møre og Romsdal.
2018 Utstilling av Giclee print, Glas og Ramme, Ålesund.
2018 «Medan vi ventar» Juleutstilling i Det kreative rom, Amfi Nordfjord.
2019 Fast utstilling av maleri, mixed media, teikning og trykk i eige atelier/verkstad. UT av Huse, Heggjabygda, Sogn og Fjordane.
2019 Utstilling av Giclee print, Fotografen Eide. Nordfjordeid.
2019 Fast utstilling av Giclee print, Glas og Ramme. Ålesund.
2019 «Kjærleik er kjærleik» Bygdepride 2019. Samarbeidsprosjekt med Fotografen Eide. Ørsta.
2019 «Kjærleik er kjærleik» POP-UP utstilling hjå Fotografen Eide. Nordfjordeid.
2019 «Sommar utstilling» i Det kreative rom, Amfi Nordfjord. Kollektiv utstilling. Gicléetrykk.
2019 «Kjærleik er kjærleik» i Pikant bar & Restaurant. Vandreutstilling. Sogn og Fjordane Pride 2019. Samarbeidsprosjekt med Fotografen Eide. Førde
2019 «Kjærleik er kjærleik» Vandreutstilling, Ålesund Pride. Samarbeidsprosjekt med Fotografen Eide. Ålesund.
2019 Separatutstilling. Giclée trykk. Pikant Bar & Restaurant, Førde.
2019 Kunst- og handverksmessa på Vatne, Møre og Romsdal.
2019 «Juleutstilling». Kollektiv utstilling. Kulturhuset Gamlebanken, Nordfjordeid.
2019 «Julemesse». Kunst & Handverksmesse. Selje.
2020 Fast utstilling av Giclee print, Glas og Ramme. Ålesund.
2020 Fast utstilling i atelier, Heggjabygda, Nordfjordeid.
2020 Kollektiv utstilling på nærbutikken, Harøy.
2020 Kollektiv utstilling. Operahuset, Nordfjordeid.
2020 Separatutstilling Sjøkanten Kafè, Nordfjordeid.
2020 «Sommargalleriet». Holmøyane.
2021 Fast utstilling av Giclee print, Glas og Ramme. Ålesund.
2021 Fast utstilling i atelier, Heggjabygda, Nordfjordeid.
2021 Fast utstilling Sjøkanten Kafè, Nordfjordeid.
2021 Fotografen Eide, Volda.
2021 Spinneriet, Volda.
2021 «Sommargalleriet». Holmøyane.