Åse Huse og UT av Huse

Mitt namn er Åse Huse (f. 1971) og eg er ein lidenskapleg friluftsentusiast og ei kreativ sjel som er svært glad i å dele eigne interesser med andre. Interessene har vore grunnlag for val av både utdanning og arbeid, og for etableringa av bedrifta UT av Huse våren 2018.

UT av Huse tilbyr kurs og oppleving innan friluftsliv og kunst, og i tillegg sal av kunst og interiørkonsulenttenester. Førebels er bedrifta eit enkeltmannsføretak som leier inn ekstra arbeidskraft ved behov. UT av Huse er lokalisert med atelier, kontor og kurslokale på heimgarden i Heggjabygda, Nordfjordeid. Likevel skjer det meste av kurs og oppleving ute i naturen.

Interiør

Frå vidaregåande skule har eg utdanning som interiørkonsulent og har arbeidserfaring frå Byggern og privatmarkedet.

Kunst, kultur og formidling

Etter 5 år med høgskulestudiar i Volda vart eg faglærar i kunst, design og handverk, med bachelor  i kunst, kultur og formidling. Arbeid i barnehage, kulturskule, grunnskule, vidaregåande skule og frivillig arbeid har gitt meg ei brei undervisningskompetanse i kunstfag. Dei siste åra har eg vore utøvande kunstnar og hatt ei rekke med utstillingar rundt om på Vestlandet.

Friluftsliv, padling og motivasjonspsykologi

Eg er òg utdanna idrettspedagog med særs vekt på friluftsliv og er godkjent aktivitetsleiar i havpadling gjennom Norges Padleforbund. Gjennom ulike jobbar og verv har eg arbeida med mange ulike prosjekt for å tilrettelegge for fysisk aktivitet og friluftsliv i heimkommuna. Årelang erfaring har gjort meg til ein dreven guide både til fjells og til havs; og eg planlegg turar etter vér, vind og føresetnadane til dei eg skal ha med på tur. For å betre kunne motivere og engasjere andre til innsats og personleg meistring studerte eg motivasjonspsykologi ved UiB.


Fokus på meistring og den gode opplevinga går som ein raud tråd gjennom alt UT av Huse tilbyr av kurs og aktivitet. Difor arrangerar eg det meste i små grupper for å få kvalitetet, meistring og optimal oppleving for kvar einskild deltakar.

Nettside levert av Frequency.no | Maleri: Åse Huse | Foto: Fotografen Eide / Sigrunn Bjørkeli / Åse Huse