Padling og friluftsliv
Guiding, kurs og oppleving
VESTLANDET – vilt, vakkert og til tider hærleg vått
Det beste med Nordfjord er utan tvil den fantastiske naturen, som byr på alt frå isbre til dramatisk storhav innanfor svært korte avstandar. Mellom desse har vi mykje anna som kan utforskast og opplevast – djupe fjordar, stille vatn, frodig skog, bratte fjellsider og eit rikt fugle og dyreliv. Den største luksusen for oss som bur her er at vi treng ikkje reise langt for å få spektakulære opplevingar – vi har dei rett utanfor stovedøra.
Eg elskar å vere aktiv utandørs i all slags ver heile året. Naturen endrar seg i takt med ver, årstid og kva tid det er på døgnet. Å stå på ein fjelltopp medan ver og vind rive og slit i kleda, er minst like fasinerande som å nyte solvarmen ved blikkstille sjø.
Ein tur i fjellet eller på sjøen er ikkje berre ei transportetappe frå A til B og tilbake, den kan og by på mektige opplevingar for både kropp og sinn ved å ta seg tid til å vere i nuet og bruke sansane. Ved å planlegge tur i eigna område etter vér og føresetnad til dei som er med, vonar eg å by på ei oppleving som du minnast – og som inspirerar deg til gjentaking.
UT av Huse tilbyr både guiding, kurs og oppleving i naturen og skreddarsyr gjerne aktivitetspakkar med det du måtte ynskje av aktivitetar innan padling, friluftsliv, kunst og handverk til både einskilde og grupper.
Ved å følge UT av Huse på Facebook kan du få med deg når det er planlagte kurs og turar.
Ta kontakt for informasjon og/eller bestilling av kurs:
post@utavhuse.no
Tlf: +47 482 486 23
4 timars introduksjonskurs i havpadling
Pris kr 990/1190,- pp
Er du nysgjerrig på padling og har lyst til å prøve? Då er dette kurset for deg! Her er ingen krav til førekunnskap og du får ei praktisk innføring til bruk av kajakken og utstyret, og lærer ved å gjere! Undervisninga skjer i små grupper for at kvar einskild deltakar skal bli trygg i kajakken, oppleve meistring og bli motivert for vidare padling. Gjennomført kurs gjev våttkort frå Norsk Padleforbund. Dersom ein tykkjer at dette er gøy og ynskjer å lære meir, kan man ta neste kurs på kursstigen som er eit 2 dagars grunnkurs.
- Sesong: Mai-oktober.
- Alder: Frå 10 år.
- Antal: Minimum 3 og max 8. deltakarar.
- Stad: Nordfjordeid
- Tid: Kvar torsdag kl. 17-21
16 timars grunnkurs i havpadling
Pris kr 2690/2990,- pp.
Havkajakken er ein fantastisk reiskap for å komme seg ut i naturen og gjev ei anna naturoppleving enn ein tur til fots. UT av Huse sitt 2. dagars kurs vil utvikle både padleteknikken din og di forståing for havpadling. Etter gjennomført kurs kan du manøvrere kajakken dit du ynskjer og ha eit godt forhold til sikkerheit og sjømannskap. Kurset er heilt praktisk og vi øver ulike redningsteknikkar, både kameratredning og eigenredning. Andre dag av kurset er turdag på Hornindalsvatnet – Europas djupaste innsjø. Vi pakkar godsaker i kajakken og lever det gode friluftsliv! Kurset arrangerast med 1 dag på Eidsfjorden og 1 dag på Hornindalsvatnet; og kan arrangerast andre stadar på førespurnad.
- Sesong: Mai-oktober.
- Alder: Frå 10 år.
- Antal: Min. 3 og max 8 deltakarar.
- Stad: Dag 1 på Eidsfjorden og dag 2 på Hornindalsvatnet
- Tid: Kl. 10-18 laurdag-søndag i oddetals-veker.
1 dag PADLEKURS & TURPADLING PÅ HORNINDALSVATNET
-
Pris kr 1290/1590,- pp
-
Familiepakke 4 pers à kr 4750,-
Pakketilbod til dei som ynskjer både kurs, turpadling og nyte det gode friluftsliv. Dagen startar med eit introduksjonskurs i padling som gjev deltakarane våttkort frå Norges Padleforbund. Meir informasjon om introkurs lenger oppe på nettsida. Vi padlar ein tur og deltakarane får prøve ut sine nyerverva padleferdigheiter i naturskjønne omgjevnadar. Lunsj i vasskanten med moglegheit for bading i det krystallklare vatnet og bålkos om vèret tillet det.
- Sesong: Mai-oktober.
- Tid: Kl 10-16 eller anna tidsrom etter avtale.
- Alder: Frå 10 år
- Antal: Minimum 3 og maks 8 deltakarar.
- Stad: Hornindalsvatnet
2 DAGAR HORNINDALSVATNET PÅ LANGS
Pris kr 3490,- pp.
Hornindalsvatnet er Vestlandets største og Europas djupaste innsjø. Vatnet byr på fotte padlemoglegheiter i krystallklart vatn og har panorama utsikt heile vegen. Her kan ein senke skuldarne og nyte den vakre vestlandsnaturen. No har du sjansen til å bli med UT av Huse og padle heile vatnet på langs! Turen byr på matlaging i det fri, naturoppleving i sosialt fellesskap, overnatting i telt eller under open himmel og sjølvsagt mykje padling. Før turen startar vert alle deltakarane introdusert for kajakken og utstyret, får lære enkel padleteknikk og sikkerheit; og deltakarane får våttkort etter gjennomført tur. Hornindalsvatnet på langs arrangerast annakvar helg på sommarhalvåret om det er nok påmeldte.
- Sesong: Mai-oktober.
- Tid: 2 dagar
- Alder: Frå 14 år.
- Antal: Min. 3 og max 6 deltakarar.
- Stad: Hornindalsvatnet
- Vanskegrad: Moderat
UT PÅ TUR MED KAJAKK
Pris frå kr 590/790,- pp.
I tillegg til turpadling på Eidsfjorden og Hornindalsvatnet kan UT av Huse ta deg med på padling både på fjord, vatn og hav i både Nordfjord og på Sunnmøre. Alt frå korte turar til overnattingstur over fleire dagar. Med tilhengar på bilen fraktar eg kajakkane og utstyr dit vi blir samde om, enten det er ein stad ved vatnet, ved fjorden eller kysten. Pris er avhengig av varigheit og antal deltakarar. Ta kontakt for eit tilbod!
- Sesong: Mai-oktober.
- Tid: Frå 3 timar til tur over fleire dagar.
- Alder: Frå 10 år.
- Antal: Min. 3 og max 8 deltakarar.
- Stad: På Eidsfjorden, Hornindalsvatnet og ellers ulike stadar i Nordfjord og på Sunnmøre.
FJELLTUR
Pris frå kr 590/790,- pp.
Guida turar for enkeltpersonar eller grupper på førespurnad. Eg vil meir enn gjerne vise deg fjella mine og planlegg turen på grunnlag av dine ynskjer, ver, område, tid til rådigheit og føresetnadane til deltakarane. Pris er avhengig av varigheit og antal deltakarar. Ta kontakt for eit tilbod!
- Sesong: April-november.
- Tid: Frå 3 timar til heil dag.
- Alder: Frå 5 år.
- Antal: Min. 3 og max 12 deltakarar.
TRUGETUR
Pris frå kr 690/890,- pp.
Guida vintertur i snø med topptur eller vandring i skog og mark. Truger er like godt eigna å bruke i laussnø som på skare, for barn og vaksne og er enkelt å gå med både oppover og nedover fjellsidene. Turen er inkludert lunsj og enkel matlaging over bål om veret tillet det. Pris er avhengig av varigheit og antal deltakarar. Ta kontakt for eit tilbod!
FRILUFTSLIV MED SKREDDARSYDDE PAKKAR OG BLÅTURAR
UT av Huse skreddarsyr opplegg med enkelt friluftsliv, fjelltur og/eller padling for både grupper og individuelle på førespurnad. Kombinerar gjerne friluftsliv med kunst og handverk. Ved bestillingar av aktivitet til større grupper leiger eg inn fleire guidar eller samarbeidar med ein medarrangør. Ta kontakt for eit tilbod!
- Sesong: Heile året
- Tid: Frå halv dag til fleire dagar.
- Alder: Alle
- Antal: Max 12 deltakarar.