Interiør & utsmykking
Om du treng hjelp med oppussing eller planlegging av nybygg kan UT av Huse hjelpe deg med både små og store prosjekt til både private og offentlege byggningar. UT av Huse kan bidra med:
Innreiing og styling
Å skape estetiske interiør som legg vekt på samspel mellom materialar, fargar og gjenstandar.
Planløysing
Planlegging av gode og funksjonelle løysingar av rom og byggningar ut i frå kunden sitt behov.
Prosjektering
Koordinere større prosjekt med samarbeid med ulike fagfolk.
Råd og veilledning
Gode råd og idear, hjelp til å sjå løysningar, eller berre ei deilig dose inspirasjon.
Redesign
Gjenbruk og alternativ bruk av møblar og gjenstandar.
Utsmykking og dekorering
Kunstnerisk utsmykking eller offentlig utsmykking med billedkunst og/eller kunsthåndverk satt inn i en arkitektonisk sammenheng.
Unikt og særeigent
Ynskjer du noko som ingen andre har? Noko som vert lagt merke til? Eg skapar gjerne noko unikt og særeige kun til deg, anten det skal ta utgangspunkt i noko du vil ta vare på eller ved å skape noko heilt nytt.
Uansett om du har behov for enkel veiledning og tips, eller om ditt prosjekt er meir omfattande, kan eg hjelpe deg med å skape eit estetisk og funksjonelt lokale eller din draumeheim.
UNIKT ATELIER I GAMAL LØE
I gamleløa på garden i Heggjabygda har Åse Huse laga seg atelier med målarverkstad, kurslokale, kontor, kjøkken, lager og plass til utstilling. Alt i eit rom på 60 m2! Praktiske løysningar gjer at lokalet kan brukast på ulike måtar alt etter behov.
Løa er eit 200 år grindbygg av handhogd materiale -kor spora etter den skarpe økseeggen fortsatt er like tydeleg. Ein gamal byggeskikk som ikkje lenger er i bruk og difor ynskte Huse å både ta vare på og vise fram det fantastiske handverket. Både det byggtekniske og det estetiske er valt for å få fram særpreget i bygget og sjølv etter isolering er alt det gamle treverket fortsatt synleg. Material og fargevalet er gjort med tanke på å framheve grindverket endå meir. No smykkar det rommet og gjev det eit unikt særpreg. Saman med den sørvendte vindusveggen skapar det både ei lun atmosfære og arbeidslyst.