4 TIMARS INTRODUKSJONSKURS I HAVPADLING

UT av Huse arrangerar introkurs på Eidsfjorden kvar torsdag kl. 17-21 frå mai-oktober med oppmøte i småbåthamna i sentrum av Nordfjordeid. Kurset kan arrangerast andre dagar og andre stadar på førespurnad. Kurset kan også kombinerast med turpadling som eit heildagsopplegg.

HOVUDMÅL MED KURSET:

Deltakarane introduserast til kajakken og utstyret. Etter endt kurs har deltakeren gjennom enkel praktisk øvelse lært å bruke kajakk, åre, trekk og vest. Gjennomført kurs gjev våtkort og moglegheit for gratis lån av kajakk med BUA Eid.

KVA LÆRER DU:

  • Løfte, bære og sjøsette kajakk.
  • Padle framover med rett kurs.
  • Stoppe.
  • Svinge kajakken begge vegar.
  • Bakoverpadling.
  • Gå rundt og komme seg tilfredsstillande ut av kajakken i vatnet.
  • Ilandstigning.
  • Sitjestilling og god padle-teknikk.
  • Innføring til korleis ein kan auke sikkerheita ved padling.
  • Kjennskap til lokale padleforhold.

PRIS:

  • Kr 1190,- for vaksne
  • Kr 990,- for barn (under 16 år).
  • 10% rabatt ved samla påmeldig av grupper på 6 personar.

INKLUDERT:

  • Alt kajakkutstyr er inkludert! Du får låne kajakk, åre, redningsvest, spruttrekk, våtdrakt og våtsko.

KRAV TIL DELTAKAR:

  • Svømmedyktig/trygg i vatn.
  • Over 10 år.
  • Gyldig reiseforsikring.

PÅMELDING:

AVBESTILLING:

  • Ved avbestilling meir enn 14 dager før avgang gis full refusjon.
  • Ved avbestilling 7-14 dager før avreise gis 50% refusjon.
  • Avbestilling ved mindre enn 7 dager for avreise vil ikke bli refundert.
  • Denne turen er vèr og vindavhengig, og turen kan bli avlyst på kort varsel. Turar
    som eventuelt vert kansellert kan ombookast eller refunderast.