Laster Arrangementer

« All Events

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

2 dagars GRUNNKURS I HAVPADLING, Nordfjordeid

9. september 2023 @ 10:00 - 10. september 2023 @ 18:00

- 2690kr-2990kr

16 TIMARS GRUNNKURS med 1 dag på Eidsfjorden og 1 dag på Europas djupaste innsjø

Havkajakken er ein fantastisk reiskap for fysisk aktivitet, rekreasjon og naturoppleving. UT av Huse sitt kurs vil utvikle både padleteknikken din og di forståing for havpadling. Etter endt kurs kan du manøvrere kajakken dit du ynsker og ha et godt forhold til sikkerheit og godt sjømannskap. Kurset er heilt praktisk, der vi også øver ulike redningsteknikkar, både kameratredning og eigenredning med og utan årepose.

 

Kameratredning. Foto frå grunnkurs i Ulstein 2018.

 

UT av Huse tilbyr fleire grunnkurs i havkajakk sommarsesongen forutsatt minimum 3 påmeldte deltakarar pr kurs. Kurset passar for alle, både for dei som har padla ein del og dei som aldri har prøvd padling tidlegare.

 

DATOAR:

  • 20. og 21. mai. Grunnkurs på Harøy, Møre og Romsdal
  • 17. og 18. juni Grunnkurs på Nordfjordeid, Vestland.
  • 29. og 30. juli Grunnkurs på Nordfjordeid, Vestland.
  • 05. og 06. august Grunnkurs på Harøy, Møre og Romsdal
  • 26. og 27. august Grunnkurs på Nordfjordeid, Vestland.
  • 9. og 10. september Grunnkurs på Nordfjordeid, Vestland.
  • NB! Kurset kan bestillast til andre datoar og på andre stadar ved minimum 3 deltakarar!

 

Eidsfjorden ved Sagaparken, Nordfjordeid 2019.

 

1. DAG PÅ EIDSFJORDEN – 8 timar

Oppmøte ved småbåthamna på Nordfjordeid seinast kl. 10.00 fyrste dag. Vi startar med å verte kjende med kvarandre. Deltakarane vert introdusert for kajakk og utstyr før vi set oss i kajakkane. Etter demonstrasjon av korleis ein entrar kajakken og enkel padleteknikk brukar vi resten av dagen i kajakken på fjorden. Vi finn ein eigna plass for lunsjpause undervegs. Før vi avsluttar dagen planlegg vi turpadlinga neste kursdag.

 

2. DAG PÅ HORNINDALSVATNET – 8 timar

Oppmøte ved Hornindalsvatnet seinast kl. 10.00 andre kursdag. Startpunkt kan variere etter veirforhold, men møt ved Renseanlegget på Norsmona om ikkje anna vert avtala. Vi padlar turen vi planla dagen før. Det viktigaste denne dagen er naturoppleving og turglede, og undervegs repeterar vi på padleteknikk, sikkerheit og delar tankar kring kva rettar og plikter som følgjer med vår bruk av naturen. Etter endt kurs er duklar for kortare dagsturar eller lengre fleirdagars turar i skjerma farvatn.

 

Turpadling på Hornindalsvatnet 2021.

 

DU VIL LÆRE:

  • Løfte, bære, sjøsette og entre kajakken.
  • Effektiv framoverpadling.
  • Bakoverpadling og stopp.
  • Sideveis forflytning av kajakken.
  • Lavt støtte-tak.
  • Styretak (bak).
  • Sving  med sveipetak og styretak.
  • Ilandstigning.
  • Sikring av kajakk etter ilandstigning.
  • Kameratredning og eigenredning med og utan årepose.
  • Skadeførebygging.
  • Turplanlegging og pakking av kajakk.
  • Generell sikkerheit og grunnleggande sjømannskap.
  • Generelt om Friluftslova, Allemannsretten og sporlaus ferdsel.

 

MAT OG OVERNATTING:

  • Alle tek med eigen mat og drikke.
  • Padling gjev høg energiforbrenning og eg anbefalar å ha med rikeleg.
  • Ta kontakt om du treng tips til lokale overnattingsstadar!

 

ALDER:

  • Frå 10 år.

 

ANTAL:

  • Minimum 3 og maximum 8 deltakarar.
  • Kan ha grupper på inntil 20 deltakarar ved førespurnad i god til i førevegen.

 

PRIS

  • Kr 2990,- for vaksne.
  • Kr 2690,- for barn frå 10-16 år.
  • Rabatt ved bestilling til familiar og grupper. Ta kontakt for tilbod!

 

INKLUDERT:

  • Lån av kajakk og padleutstyr.
  • Lån av tørrsekkar, våtdrakter og våtsko til dei som ikkje har sjølve.
  • Kurset gjev våttkort frå Norges Padleforbund.
  • NB! Tørrdrakt kan leigast for kr 250,- pr dag.

 

KRAV:

  • Trygg i vatn og/eller svømmedyktig.
  • Gyldig reiseforsikring!
  • Forskotsbetaling minimum 3 dagar før kursdag!

 

PÅMELDING:

  • Post@utavhuse.no

 

SPØRSMÅL:

  • Send e-post eller ring Åse på telefon 48248623.

 

Selvågen i Ulstein 2018.

 

FØLG UT AV HUSE:

  • www.utavhuse.no
  • www.facebook.com/utavhuse

Detaljer

Start:
9. september 2023 @ 10:00
Slutt:
10. september 2023 @ 18:00
Series:
Kostnad:
2690kr-2990kr
Kategorier for Arrangement:
,
Arrangement Tags:
, , , , , , , , , , , , , , , , ,
Hjemmeside:
www.utavhuse.no

Arrangør

UT av Huse
Telefon
48248623
Epost
post@utavhuse.no
Vis Arrangør nettside

Sted

Norsmona, Hornindalsvatnet
Norsmona
Nordfjordeid, 6774 Norge
+ Google-kart
Telefon
48248623
Vis Sted nettside

Detaljer

Start:
9. september 2023 @ 10:00
Slutt:
10. september 2023 @ 18:00
Series:
Kostnad:
2690kr-2990kr
Kategorier for Arrangement:
,
Arrangement Tags:
, , , , , , , , , , , , , , , , ,
Hjemmeside:
www.utavhuse.no

Arrangør

UT av Huse
Telefon
48248623
Epost
post@utavhuse.no
Vis Arrangør nettside

Sted

Norsmona, Hornindalsvatnet
Norsmona
Nordfjordeid, 6774 Norge
+ Google-kart
Telefon
48248623
Vis Sted nettside