Laster Arrangementer

« All Events

  • Dette arrangement har allerede funnet sted.

2 dagars GRUNNKURS I HAVPADLING, HARØY

5. august 2023 - 6. august 2023

- 2000kr-2500kr

Mykje glede og morro under kursdagane. Røsokvika, Harøy august 2022.

 

16 TIMARS GRUNNKURS I HAVPADLING, HARØY

Havkajakken er ein fantastisk reiskap for fysisk aktivitet, rekreasjon og naturoppleving. UT av Huse sitt kurs vil utvikle både padleteknikken din og di forståing for havpadling. Etter endt kurs kan du manøvrere kajakken dit du ynsker og ha et godt forhold til sikkerheit og godt sjømannskap. Kurset er heilt praktisk, der vi også øver ulike redningsteknikkar, både kameratredning og eigenredning med og utan årepose.

 

Beinstrekk og vel fortent pause på Uksnøya utanfor Harøya. Grunnkurs august 2022.

 

UT av Huse tilbyr fleire grunnkurs i havkajakk sommarsesongen forutsatt minimum 3 påmeldte deltakarar pr kurs. Kurset passar for alle, både for dei som har padla ein del og dei som aldri har prøvd padling tidlegare. Gjennomført kurs gjev Våttkort frå Norges Padleforbund.

 

DATOAR:

  • 20. og 21. mai Grunnkurs på Harøy, Møre og Romsdal
  • 17. og 18. juni Grunnkurs på Nordfjordeid, Vestland.
  • 29. og 30. juli Grunnkurs på Nordfjordeid, Vestland.
  • 12. og 13. august Grunnkurs på Nordfjordeid, Vestland.
  • 26. og 27. august Grunnkurs på Nordfjordeid, Vestland.
  • 09.  og 10. september  Grunnkurs på Nordfjordeid, Vestland.
  • Kurset kan bestillast til andre datoar og på andre stadar. Det blir kanskje eit kurs til på Harøya i juli og det er berre komme med ynskjer om aktuelle datoar!

 

2 nøgde instuktørar under fjorårets padlekurs. Uksnøya 2022.

 

1. DAG Kajakk & padleteknikk. 8 timar

Oppmøte seinast kl. 10.00 fyrste dag og oppmøtestad avtalar vi seinast dagen før. Vi startar med å verte kjende med kvarandre. Deltakarane vert introdusert for kajakk og utstyr før vi set oss i kajakkane. Etter demonstrasjon av korleis ein entrar kajakken og enkel padleteknikk brukar vi resten av dagen i kajakken ein lun stad nær land. Vi finn ein eigna plass for lunsjpause og vi avsluttar dagen planlegg vi turpadlinga neste kursdag.

 

Gøy med kameratredning! Uksenøyane 2022.

 

2. DAG  Turpadling & enkelt friluftsliv. 8 timar

Oppmøte på avtalt stad seinast kl. 10.00 andre kursdag. Startpunkt kan variere etter veirforhold. Vi padlar turen vi planla dagen før. Det viktigaste denne dagen er naturoppleving og turglede, og undervegs repeterar vi på padleteknikk, sikkerheit og delar tankar kring kva rettar og plikter som følgjer med vår bruk av naturen. Etter endt kurs er du klar for kortare dagsturar eller lengre fleirdagars turar i skjerma farvatn.

 

Turpadling mellom holmar og skjær yst ute i havgapet. Harøy august 2022.

 

Padletur med Nordøyane til kulissar. 

 

DU VIL LÆRE:

  • Løfte, bære, sjøsette og entre kajakken.
  • Effektiv framoverpadling.
  • Bakoverpadling og stopp.
  • Sideveis forflytning av kajakken.
  • Lavt støtte-tak.
  • Styretak (bak).
  • Sving  med sveipetak og styretak.
  • Ilandstigning.
  • Sikring av kajakk etter ilandstigning.
  • Kameratredning og eigenredning med og utan årepose.
  • Skadeførebygging.
  • Turplanlegging og pakking av kajakk.
  • Generell sikkerheit og grunnleggande sjømannskap.
  • Generelt om Friluftslova, Allemannsretten og sporlaus ferdsel.

 

MAT OG OVERNATTING:

  • Alle tek med eigen mat og drikke.
  • Padling gjev høg energiforbrenning og eg anbefalar å ha med rikeleg med mat.
  • Kursleiar har rom til leige med rabatt til kursdeltakarar. Ta kontakt om det er av interesse!

 

ALDER:

  • Frå 10 år.

 

ANTAL:

  • Minimum 3 og maximum 8 deltakarar.
  • Kan ha større grupper ved førespurnad i god til i førevegen.

 

PRIS

  • Kr 2500,- for vaksne (ordinær pris kr 2990,-).
  • Kr 2000,- for barn frå 10-16 år.

 

INKLUDERT:

  • Lån av kajakk og padleutstyr.
  • Lån av tørrsekkar, våtdrakter og våtsko til dei som ikkje har sjølve.
  • Tørrdrakt kan leigast for kr 300,- pr dag.
  • Kurset gjev våttkort frå Norges Padleforbund.

 

Velkomne til 2 dagar med læring, meistring og padleglede 🙂 Røsokvika 2022.

 

KRAV:

  • Trygg i vatn og/eller svømmedyktig.
  • Gyldig reiseforsikring!
  • Forskotsbetaling minimum 3 dagar før kursdag!

 

PÅMELDING:

  • Post@utavhuse.no

 

SPØRSMÅL:

  • Send e-post eller ring Åse på telefon 48248623.

 

FØLG:

  • www.utavhuse.no
  • https://www.facebook.com/utavhuse/

Detaljer

Start:
5. august 2023
Slutt:
6. august 2023
Series:
Kostnad:
2000kr-2500kr
Kategorier for Arrangement:
,
Arrangement Tags:
, , , , , , , , , , , , , , , ,
Hjemmeside:
www.utavhuse.no

Arrangør

UT av Huse
Telefon
48248623
Epost
post@utavhuse.no
Vis Arrangør nettside

Sted

HARØY
Nordheimsvegen 59
Harøy, Ålesund 6296 Norge
+ Google-kart
Telefon
48248623

Detaljer

Start:
5. august 2023
Slutt:
6. august 2023
Series:
Kostnad:
2000kr-2500kr
Kategorier for Arrangement:
,
Arrangement Tags:
, , , , , , , , , , , , , , , ,
Hjemmeside:
www.utavhuse.no

Arrangør

UT av Huse
Telefon
48248623
Epost
post@utavhuse.no
Vis Arrangør nettside

Sted

HARØY
Nordheimsvegen 59
Harøy, Ålesund 6296 Norge
+ Google-kart
Telefon
48248623