3 TIMAR – SKAPARGLEDE

Aktiviteten avgjer vi saman etter ditt ynskje og tilgjengelege materialer. 3 timar med Skaparglede kan med fordel kombinerast med tur i skog og mark for å sanke inspirasjon og naturmaterialer – og bestilllast som dagopplegg om ynskjeleg.

MÅL

Mitt ynskje er å gje deg/dere ei koseleg stund med skaparglede og inspirasjon til vidare kreativt arbeid.

KVA LÆRER DU

Å skape noko sjølv.

FOR KVEN

Alle. Aktivitetane vert tilpassa alder og ferdigheiter dei som er med. Dette er difor godt eigna for familiar, vener og kollegaer som ynskjer å gjere noko saman, sidan aktivitetane ikkje er aldersbetinga eller avhengig av kreative ferdigheiter. For dei aller minste er nok 3 timar lenge å sitje i ro og nedre aldersgrense er difor satt til 5 år. Dei som er mindre anbefalast heller delta på «Kreativitet for alle» som og er kreativt arbeid, men i kortare tidsrom på 1,5-2 timar.

PRIS

  • Pris kr 630,- for barn (inntil 16 år).
  • Pris kr 790.- for voksne (frå og med 16 år).
  • 10% rabatt ved gruppebestilling for 4 eller fleire deltakarar.

TA MED

Kle du ikkje er redd å få måling på.

INKLUDERT

  • Materiell til formingsaktivitet.
  • Kaffi/te/saft og ein smakebit av tradisjonskost.
  • Her kan du som gjest sjå kunst & handverk og ha moglegheit for ein hyggeleg handel.

IKKJE INKLUDERT

  • Overnatting, mat og transport til og frå kursstad. Kan bestillast for eit tillegg i prisen.
  • Anbefalar overnatting på nabogarden som ligg 5 minutters gange frå atelieret; Heggjabygda Guestfarm. Eit særeige gamalt hus med sjel, sjarm og svært triveleg vertskap.
  • Ta kontakt med UT av Huse for tilbod eller sjå meir på
    www.instagram.com/heggjabygda_guestfarm/
    www.airbnb.no/rooms/43481012

PÅMELDING

  • post@utavhuse.no
  • NB! Ver venleg å oppgje eventuelle allergiar ved påmelding.
  • Påmeldinga er gyldig når deltakarvgifta er betalt.

AVBESTILLING

  • Ved avbestilling meir enn 14 dagar før kursstart gis det full refusjon.
  • Ved avbestilling 7-14 dagar før kursstart gis det 50% refusjon.
  • Avbestilling mindre enn 7 dagar før kursstart refunderast ikkje.