15 TIMAR – MÅLEKURS

Undervisninga er praktisk retta og kursleiar startar med å demonstrere ulike framgangsmåtar før deltakarane får leike og utfalde seg. Deltakarane får individuell og fagmessig rettleiing på sitt nivå gjennom heile prosessen.

MÅL

Hovudmålet med kurset er at deltakarane opplever meistring gjennom å sleppe seg laus og tør å leike seg med form, farge og teknikkar, og oppdage det uendeleg store potensialet dette har til inspirasjon av eigne kreative uttrykk.

KVA LÆRER DU

  • Å bruke akrylmåling på ulike flater.
  • Mixed media; å blande teknikkar, reiskapar og materialer.
  • Ei leikande og intuitiv ideutvikling..
  • Å lage visuell og taktil tekstur.
  • Komposisjon.
  • Perspektiv og djupne.
  • Fargelære og å blande fargar.
  • Forenkling/abstaksjon.

FOR KVEN

Alle. Kurset tilpassast ferdigheitsnivå til kvar einskild deltakar og her kan du vere med anten du er erfaren eller uerfaren. Kan ha større grupper og har då fleire aktivitetsleiarar.

NÅR

Kurset går i utgangspunktet over 15 timar frå fredag kveld til søndag ettermiddag. Kurset kan arrangerast som kveldskurs og/eller til andre vekedagar om ynskjeleg.

PRIS

  • Pris kr 2790,- for barn (inntil 16 år).
  • Pris kr 3490.- for voksne (frå og med 16 år).
  • 10% rabatt ved gruppebestilling for 4 eller fleire deltakarar.

TA MED

  • Drikkeflaske og niste.
  • Målekle.
  • Kle til å vere ute i (vi prøvar sprymåling og målar litt utandørs).
  • Nysgjerrigheit, skapartrang og god humør!

INKLUDERT

  • Alt utstyr til målararbeidet under kurset.
  • Snacks, varm og kald drikke.

IKKJE INKLUDERT

  • Overnatting, mat og transport til og frå kursstad. Kan bestillast for eit tillegg i prisen.
  • Anbefalar overnatting på nabogarden som ligg 5 minutters gange frå atelieret; Heggjabygda Guestfarm. Eit særeige gamalt hus med sjel, sjarm og svært triveleg vertskap.
  • Ta kontakt med UT av Huse for tilbod eller sjå meir på
    www.instagram.com/heggjabygda_guestfarm/
    www.airbnb.no/rooms/43481012

PÅMELDING

  • post@utavhuse.no
  • NB! Ver venleg å oppgje eventuelle allergiar ved påmelding.
  • Påmeldinga er gyldig når deltakarvgifta er betalt.

AVBESTILLING

  • Avbestilling meir enn 14 dagar før kursstart gjev full refusjon.
  • Avbestilling 7-14 dagar før kursstart gjev 50% refusjon.
  • Avbestilling mindre enn 7 dagar før kursstart refunderast ikkje