10 TIMAR – KREATIV LEIK MED LEIRE,TEKSTUR OG NATURMATERIALER

Kreativ utfalding desse 2 dagane kan resultere i svært mange leirefigurar som kan brukast til meir enn ei uro; til dømes til lekker gåveinnpakking, juletrepynt og røffe lysestakar.

Arbeidsmåten gjer at ALLE kan skape noko uavhengig av kunstnariske evner og deltakarane får stegvis rettleiing under heile prosessen. Leira er lufttørkande og difor trengs det ikkje keramikkovn til brenning. Det gjer også at dette er ein teknikk de kan fortsette med heime og meir leire kan kjøpast på atelieret.

Å bruke nedbrytbare naturmatrialer er miljøvenleg og å lage haldbare gjenstandar er bærekraftig, noko som er viktig å gjere oss merksam på i ei tid med overforbruk og forureining.

MÅL

Glede over å skape noko sjølv, utvikle dine kreative ferdigheiter og inspirasjon til vidare skapande arbeid.

KVA LÆRER DU

Ulike teknikkar for å forme og lage ulike teksturar i leire. Å leike med materialer og reiskapar for å lage eigne uttrykk. Fargelære og å sette saman ulike delar i ein balansert heilskap.

FOR KVEN

Frå 10 år. Kurset tilpassast ferdigheitsnivå til kvar einskild deltakar og her kan du vere med anten du har erfaring frå før eller er uerfaren. Dette gjer kurset godt eigna for familiar, vener eller kollegaer til å kunne gjere noko sosialt og kjekt saman.

PRIS

  • Pris kr 1800,- for barn (inntil 16 år).
  • Pris kr 2250.- for voksne (frå og med 16 år).
  • 10% rabatt ved gruppebestilling for 4 eller fleire deltakarar.

TA MED

  • Drikkeflaske.
  • Lunsj dag 2.
  • Målekle.
  • Kle til å vere ute.
  • Nysgjerrigheit, skapartrang og god humør.

INKLUDERT

  • Alt utstyr til arbeidet under kurset.
  • Snacks, varm og kald drikke.

IKKJE INKLUDERT

  • Overnatting, mat og transport til og frå kursstad. Kan bestillast for eit tillegg i prisen.
  • Anbefalar overnatting på nabogarden som ligg 5 minutters gange frå atelieret; Heggjabygda Guestfarm. Eit særeige gamalt hus med sjel, sjarm og svært triveleg vertskap.
  • Ta kontakt med UT av Huse for tilbod eller sjå meir på
    www.instagram.com/heggjabygda_guestfarm/
    www.airbnb.no/rooms/43481012

PÅMELDING

  • post@utavhuse.no
  • NB! Ver venleg å oppgje eventuelle allergiar ved påmelding.
  • Påmeldinga er gyldig når deltakarvgifta er betalt.

AVBESTILLING

  • Ved avbestilling meir enn 14 dagar før kursstart gis det full refusjon.
  • Ved avbestilling 7-14 dagar før kursstart gis det 50% refusjon.
  • Avbestilling mindre enn 7 dagar før kursstart refunderast ikkje.