2 DAGAR HORNINDALSVATNET PÅ LANGS

1. DAG MED FOKUS PÅ LÆRING, TRYGGLEIK OG DET GODE FRILUFTSLIV

Oppmøte kl. 9.30 på Norsmona i den vestlege enden av vatnet. For å ha trygge rammer kring turpadlinga, startar vi fyrste dagen med introkurs i havpadling. Deltakarane vert først introdusert for kajakk og utstyr og lærer enkel padleteknikk gjennom praktisk øving. Etter å ha pakka turutstyret i kajakkane padlar vi langs vatnet og finn ein eigna stad for lunsj. Guiden er ansvarleg for sikkerheita under heile turen og fortel om korleis vèr, vind og eigne ferdigheiter påverkar padlinga vår. Vidare går turen til vakre Heggjabygda kor vi slår leir og har felles middag. Resten av kvelden kan ein sitje å nyte naturen i fred og ro eller rusle ein tur i den fredelege bygda.

2. DAG MED FOKUS PÅ NATUROPPLEVING

Etter ein god natts søvn har vi felles frukost før vi tek ned telta og pakkar utstyret i kajakkane. Medan vi padlar vidare får deltakarane praktisere det dei lærte første dagen og guiden gjev råd undervegs. Naturoppleving er fokus denne dagen og vi finn rasteplass på ein av holmane undervegs mot Hornindal. Avsluttar i Hornindal sentrum innan klokka 18.

INKLUDERT:

  • Kajakk og padleutstyr
  • Våtdrakt, våtsko og hanskar
  • Teltovernatting
  • Måltid: Middag fyrste dag, frukost og lunsj andre dag
  • Våttkort

IKKJE INKLUDERT:

  • Lunsj første dag. Ta med niste!
  • Sovepose og liggeunderlag
  • Transport

KRAV:

  • Svømmedyktig/trygg i vatn.
  • Padlerfaring er ikkje eit krav. Turen startar med ein introduksjon til utstyr, sikkerheit og padling av guiden og praktisk øving for alle deltakarane før turen.
  • Gyldig reiseforsikring

PÅMELDING:

post@utavhuse.no

AVBESTILLING:

  • Ved avbestilling mer enn 14 dager før avgang gis full refusjon.
  • Ved avbestilling 7-14 dager før avreise gis 50% refusjon.
  • Avbestilling ved mindre enn 7 dager for avreise vil ikke bli refundert.
  • Denne turen er vèr og vindavhengig, og turen kan bli avlyst på kort varsel. Turar som eventuelt vert kansellert kan ombookast eller refunderast.